Velkomen til påmelding for Kjeringi Open

Du må logge deg inn for å melde deg på som superkjering eller som lag. Det gjer du på følgande måte:

  1. Du skriv e-post adressa di her.
  2. Systemet sender deg ein e-post med ein eingongskode.
  3. Skriv inn denne koden her.

Når du har gjort det, veit systemet at e-postadressa er di og du er pålogga.

Er dette første gongen du logger på, vil du få spørsmål om å registrere namn og kontaktinformasjon etter at du har logga deg på. Denne informasjon er brukt til å handtere påmeldinga.

Kjeringi Open vil nytte e-post adressa du oppgir her til å sende faktura og anna informasjon om arrangementet.

Tips: Pass på at du nyttar same e-postadressa kvar gong du logger deg på. Om du nyttar to ulike adressar, vil systemet oppfatte deg som to ulike brukarar.

Logging
Alle forsøk på logge seg på og av påmeldingssystemet blir loggført. Det gjer oss i stand til å oppdage og hindre forsøk på innbrot. Loggen vil berre bli brukt til å sikre stabil og sikker drift av påmeldingssystemet. Det som blir lagra i loggen er:

  • e-post adresse
  • IP adresse
  • Tidspunkt

Loggen blir sletta 28. april 2019, som er dagen etter arrangementet Kjeringi Open 2018.

Informasjonskapsel
Påmeldingssystemet bruker informasjonskapsel (cookie) for å kunne kjenne deg att mellom kvar gong nettlesaren din kontaktar påmeldingssystemet. Dette er nødvendig for at pålogginga skal fungere. Ein informasjonskapsel er liten datafil som nettlesaren din får frå påmeldingssystemet. Informasjonskapselen som systemet brukar blir sletta når du lukkar nettlesaren din.

Om du ikkje ynskjer å bruke påmeldingssystemet, kan du melde deg på under henting av startnummer.

Du kan lese meir om korleis du administerar informasjonskapslar i nettlesaren din på nettvett.no.